Om oss
Det starta med ein idé
I Håvågen har generasjonar levd ved og av sjøen. Gründerane Willy og Frøydis Sandnes fekk ein idé om å etablere eit oppdrettsanlegg på familiegarden til Willy. I 1984 fekk dei konsesjon og familiebedrifta Sandnes fiskeoppdrett vert etablert. Då starta dei med ei heimesnikra merd – og mykje pågangsmot.
Ny generasjon
Frå 2025 tek neste generasjon over leiarstolen i selskapet, med Veronica Sandnes som dagleg leiar og mannen Åge Helle som driftsleiar. Borna deira har vore med på oppdrettsanlegget sidan dei var små, og no har 3. generasjon starta i familiebedrifta.
Over 40 års erfaring
I dag har Sandnes fiskeoppdrett vakse til 3 konsesjonar som er utstyrt med moderne teknologi. Sjølv om vi utviklar oss i takt med tida, er vi framleis tru mot våre røter. Sandnes Fiskeoppdrett er ikkje berre ei bedrift – det er ei familiearv.